Splittet kjerne!

Splittet kjerne

Splittet kjerne har etterkvart vorte ein populær litterær møtestad på Hovseter. Her arbeider Mikkel Øyen for å splitte det litterære atomet ved å introdusere ulike element for kvarandre.

Eit særeigent litterært galleri, der etablerte forfattarar sine tekstar heng side om side med folk du endå ikkje veit du burde halde auge med.

Denne kvelden gjer vi Blå om til litterært galleri, flyttar opplesingane ned på golvet og tar ein diskusjon om konseptet Splittet Kjerne, diy-ideologi, det lukka kulturfeltet og fanziner.

Med oss har vi:

Mikkel Øyen, grunnleggjar og drivkrafta bak Splittet Kjerne.

Åsne Hagen fra fanzinen «Konstruksjon». Les om Konstruksjon på nett

Øystein Stryken, ein av dei første samarbeidspartnarane til Øyen. Les Helge Torvund sin omtale av Ørnen. Sonja Helene Dalseth les tekstane til Stryken.

Denne kvelden vil du også få eit splitter nytt og heilt unikt Splittet Kjerne-hefte, med både nye og tekstar frå tidlegare og no ikkje tilgjengelige nummer av SK. Fleire av desse kjem også til å lese tekstane sine:

Stein Stølen Bjerkaker

Linda Stølen

Kolbjørn Opsahl

Rannveig Windingstad