Dikting i klimakrisas tid
Kva er litteraturens rolle i klimaspørsmålet?
Klimapanelet i FN slår fast at klimaendringane nærmar seg sivilisasjonstruande tersklar i barna våre si levetid. Dei siste åra har den menneskeskapte masseutryddinga av andre arter fått mykje merksemd. Vi lever i ei tid med eksponentiell teknologisk vekst, hyperkonsum og nye etiske paradigme, der menneska må finne nye måtar å relatere seg til omverda, naturen og kvarandre på. Kva gjer dette med litteraturen? Har forfattarar eit ansvar for å engasjere seg i dei problematiske sidene ved utviklinga, eller skal «kunst få vere kunst»? Kan forfattarar – gjennom litteraturen – romantisere eller estetisere kriser og apokalypser?
Dette er nokre av spørsmåla vi skal diskutere i ein filosofisk-litterær kveld på Blå den 19. januar. Dei inviterte er forfattarane Inger Elisabeth Hansen, Agnar Lirhus og Espen Stueland, og kritikar Tom Egil Hverven. Samtalen blir leda av Mette Karlsvik.
Inger Elisabeth Hansen (f. 1950) har eit langt forfattarskap bak seg som poet og essayist. I 2015 kom diktsamlinga Å resirkulere lengselen. Avrenning foregår. Miljøengasjementet er tydeleg i Hansen sine dikt, som har blitt omtala som «samtidslitteratur av ypperste merke».
Agnar Lirhus (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Skogen er grønn. Om biletboka Hva var det hun sa?, som han ga ut i 2014 saman med illustratør Rune Markhus, vart det sagt at ho «går inn i klimadebatten på en vakker, tankevekkende og original måte».
Espen Stueland (f. 1970) er bl.a. kjend som lyrikar, litteraturkritikar og tidsskriftredaktør. Stueland var med å stifte Forfatternes Klimaaksjon, og i 2016 kjem boka 700-årsflommen: 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk.
Tom Egil Hverven (f. 1960) er hovedkritikar i Klassekampens Bokmagasin.
Mette Karlsvik (f. 1978) er forfattar, litteraturformidlar og biletkunstnar, m.m. Hennar siste roman, Den beste hausten er etter monsun (2014), tar for seg «store spørsmål om økologi og politikk.»
Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteratur på Blå og Klimafestivalen §112.