Back to All Events

Tankegods: Jürgen Habermas

  • Blå Brenneriveien 9c Oslo Norge (map)

Jürgen Habermas (1929 - ) gav i 2019 ut boka Auch eine Geschichte der Philosophie (Nok ei filosofihistorie) der han plasserer sine eigne idéar i lys av den vestlege filosofien si utvikling, frå det gamle Hellas fram til vår tids ettermetafysiske tenking. Auch eine Geschichte der Philosophie er likevel ikkje eit tilbakeskodande verk av ein aldrande filosof, men eit nytt giv frå ein knallhard fighter som ved å forsere seg til topps forsøker å vinne nok høgde til å forhindre at filosofien skal vere dømd til empirisme og marknadsorientering.

Men kva meiner eigentleg Habermas med «ettermetafysisk tenking»? Kor kan vi plassere Habermas i dagens filosofiske landskap, og har han grunn til å bekymre seg over retninga filosofifaget har tatt? 

Litteratur på Blå og Salongen – Nettidsskrift for filosofi og idéhistorie inviterer til panelsamtale om Habermas sitt siste verk, og kva lærdommar vi kan håpe å trekke ut frå det.

Panelet består av Steinar Mathisen og Helge Høibraaten. Samtalen blir leia av Alexander Myklebust frå Salongen sin redaksjon.

Samtalen blir strømmet. Vi har også 25 plasser som kan reserveres i Facebook-arrangementet så fort det blir lagt ut.
Reserver en plass på https://www.facebook.com/events/325837272184721/ eller send e-post til redaksjon@litteraturpabla.no

Dørene åpner 19:00
Samtalene starter 19:30
CC: 50kr
Velkommen!